Ungdomsfiskeordninga for 2019 klar

Publisert: av Kenneth Karlsen

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Alle som fiskar etter sommarjobb kan no registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. I underkant av 200 ungdomar deltok på ungdomsfiske i fjor. Dei fiska til saman meir enn 115 tonn til ein fangstverdi på meir enn 5 millionar kroner. Finnmark og Hordaland topper statistikken for deltaking.

Meir om ordninga

  • Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 17. juni og til og med 9. august 2019, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
  • Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.
  • Avgrensinga i bruk av reiskapar gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske i regi av ein kommune – der fleire ungdommar fiskar med same fartøy – kan Fiskeridirektoratets regionkontor gi unntak frå reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.
  • For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy.
  • Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga i reiskapsbruken blir følgd. Derfor kan ikkje merkeregistrerte fartøy nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg til dei nemnde avgrensingane i den perioden fartøyet blir nytta i ungdomsfisket.
  • Ungdomane har høve til å ha med seg ein vaksen dersom det av tryggleiks- eller opplæringsårsaker er behov for det. Ungdom under 12 år kan av tryggleiksgrunnar ikkje delta i ordninga.

Nokre nye krav frå i år for dei som skal fiske leppefisk

  • Fisket etter leppefisk i ungdomsfiskeordninga skal foregå i same periode som fisket i open gruppe i kvart enkelt geografisk område (frå og med 17. juli 2019 sør for 62°N og 31. juli 2019 nord for 62°N).
  • Ungdomane skal også ha leveringsavtale med godkjent kjøpar av leppefisk, og denne skal registrerast inn hos Fiskeridirektoratet.
  • Det blir ikkje lage fleire nye krav til ordninga. Den skal vere enkel og ubyråkratisk

Les mer hos Fiskeridirektoratet her.

J-melding her.

Siste nytt